ELIAS AKSELSEN/KONSERT

FREDAG 09.09 kl. 11.00

FJALER SJUKEHEIM

+Pop-up konsertar gjennom festivalen ! 

- Årets festivalartist ! 

Det er med stor glede at vi kan presentere Elias Akselsen som vår festivalartist !


Med si særeigne stemme og utstråling er Akseslen den fremste representanten for romanifolket sin rike musikk- og songtradisjon i Noreg. Han har vore ei svært viktig stemme som har stått opp mot den norske staten si urett  mot romanifolket.  Akselsen vart fødd på Årnes i 1947,  og vaks opp som omstreifar på landevegen. Han er oldebarn av Stor- Johan, som i si tid var åndeleg leiar for store delar av romanifolket. Rundt bålet lærte han mange av dei religiøse visene som var brukt i generasjonar.  I ungdomsåra budde han også i Sverige og samarbeidde med mellom anna Cornelis Vreeswijk og Fred Åkerström. I dag er Akselsen evangelist i pinsekirka, og mange av platene hans har ei religiøs vinkling.  Han har vunne mange prisar for musikken sin. 


Det vert fleire sjansar til å oppleve Elias Akselsen på festivalen. Han vil halde ein konsert på Sjukeheimen fredag kl. 11.00, og medverkar på Festivallaurdag, der han mellom anna vil fortelje historier og synge saman med Fridtjov Urdal, Terje Nordby og Morten Cranner i arrangementet «Tru og overtru». Og kanskje dukkar han opp rundt bålet laurdagskvelden, om veret slår til? 


Arrangementet på sjukeheimen er støtta av Fjaler kommune.