DET KOSMISKE MANIFEST VIK/WILMANN/HELGEBOSTAD

FREDAG 10.09 kl. 24.00

LAURDAG 11.09 kl. 21.00 

DEI GAMLE TUNNELLANE

- late night-teater i tunellane! 

Det kosmiske manifest er ein nattleg vandreframsyning som tek oss med inn i dei gamle tunellane. 


Scenekunstnarane Kristin Helgebostad, Idun Vik og Ine Willmann, har alle tre markert seg sterkt i forskjellige delar av scenekunstfeltet. Dei har kjent kvarandre i 20 år, men aldri jobba saman før. No møtast dei, i ei luke i tida, i ein mørk tunell, for å gå inn i og fordjupe seg i kunstnarmanifest frå starten av 19. hundretalet og den tidlege futurismen, og fram til i dag. 


Kjem dei til å gå seg vill der inne i kunstnartankane -i desse motstridande virvartekstane om kunsten sitt potensial ? Eller finn dei lyset på andre sida ?


Det kosmiske manifest er eit stunt som kan elevere eller kollapse. Ein uføreseieleg happening og ein ruskete seremoni som hastig, men oppriktig,  freistar å seie noko om det som er, har vore og kanskje kjem til å bli. Ein straum av tru og tvil skisserast opp, fyrst og fremst på ordet, og midt i mylderet inviterast publikum til å sjå etter linjer i historia og tendensar i tida, og kanskje også spådommar for framtida. 


Av og med: Idun Vik, Ine Marie Wilmann og Kristin Ryg Helgebostad. Det kosmiske manifest tar opp i seg tekstar og rørsler av blant anna Kenneth Goldsmith, Mary Wigman, Yvonne Rainer, André Breton, Diego Rivera, Lev Trotskij, Athena Farrokhzad, Anne Teresa de Keersmaeker, Kristina Leganger Iversen, Merce Cunningham, Eldrid Lunden, Edith Södergran, Mina Loy, Stina Nyberg, Lebbeus Woods, F. T. Marinetti, Mette Ingvartsen, Rita Mae Browns, Philip Glass, John Cage, Mette Ingvartsen, Kim Hiorthøy, Mad Mike, Henning Bergsvåg og Elin Grinaker. manifestet si ånd laga med lite tid og ressurser, men med støtte frå Bergen kommune, Dramatikkens Hus og Fritt ord.