BOUNCING NARRATIVES/ROZA MOSTHAGHI

LAURDAG 11.09 kl. 12.00, 16.00

SØNDAG 12.09 kl. 11.00, 16.00

PARKEN I DALE

- Sjå opp for nye perspektiv ! 

Vi har ein ambisjon om å presentere meir dans på Teaterfestivalen i Fjaler, og er glade for at vi gjennom eit samarbeid med Dansenett Norge framover vil få besøk av fleire danseframsyningar!


Bouncing narratives gå føre seg i ein container med trampoline som tak. Publikum vert invitert til å sjå framsyninga frå innsida av containeren. Med eit leikent virvar av bilete, lydar og rørsler,  balanserer Bouncing narratives på ei linje mellom rein glede og traumeforteljing. 


I dette samarbeidsprosjektet, tek koreografane Roza Moshtaghi og Shahrzad Malekian utgangspunkt i traume som ikkje kan uttrykkast i ord, og uforvarande sprett tilbake i liva våre igjen og igjen. 


Gjennom eit minimalt og repeterande vokabular, sprett og forskyvingar, blir nyansar av rytmar og tempo hovedkomponentar i den performative handlinga som driv installasjonen mot ein transeaktig intensitet. 



Koreografi og konsept: Roza Moshtaghi

Artist og konsept: Shahrzad Malekian

Lydartist og plakat: Lykourgos Porfyris

Utøvere:  Trine Lise Moe, Oda Bjørholm

Teknisk ansvarlig: Pawel Karczmarczyk

Kostymedesign: Shiva Sherveh

Lysdesign: Martin Myrvold

Produsent: Julie Olsen

Dokumentasjon: Josh Lake/Ben Pender

Eksternt rådgiver: Kristin Ryg Helgebostad


Prosjektet er støtta av Kulturrådet, KORO (Kunst i Offentlig Rom) og Oslo Kommune. Presenterast på Teaterfestivalen i samarbeid med Dansenett Norge.