A-project/#9 part one: initation 

Torsdag 09.09 kl 23:00 

Søndag 12.09 kl 23:00

ZOOM/Ilhéus, Brasil/ I di eiga stove 

- Rituell kveldsperformance frå Brasil ! 

I 1962 reiste den unge engelske biologen Alfred Wilson til Moro de Santa Barbara i det brasilianske høglandet for å besøke den innfødte Tupecá-stammen og studere bruken deira av lokale medisinplantar. Wilson vart buande i denne stamma i 12 år, til han døde av dengufeber på det lokale sjukehuset i Santa Barbara i 1974. Tupecá-stammen finnast ikkje lenger, og biologen sine notatar forsvant - heilt til det i 1994 dukka opp ei medtatt notatbok signert A. Wilson på ein auksjon av historiske dokument i Taipei. Boka inneheldt underlege teikningar og notat om ukjende tradisjonelle dansar, rørsler og øveingar som knyter kroppen til eit intrikat kosmologisk system rundt astronomiske hendingar. Boka sin relasjon til dei tapte tradisjonane til Tupecá-stammen i Brazil er ennå ikkje stadfesta.


A-project er ein serie undersøkingar av kulturell, politisk og esoterisk historie, der kvart prosjekt omorganiserar symbolske hendingar og mentale projeksjonar. Prosjektet er starta av Eivind Reierstad. #9 part 1: Initiation er ein workshop-performance på Zoom. Framsyninga tek 60 minuttar, den vert sendt direkte fra Ilhéus, Brasil, og språket er engelsk.

 

Deltakerne/publikum vil få instruksjonar og utstyr til ritualet før workshopen begynner. Dette får ein når ein kjøper billett på festivalkontoret.


Laget av Alexandre Guimarães Dos Santos (BR) og Eivind Reiersad (NO). Framsyninga på festivalen er eit samarbeid med BIT-Teatergarasjen i Bergen. Produsert av BIT. Støtta av Norsk Kulturråd, Fond For Lyd og Bilde og billedkunstnernes vederlagsfond.