FEM FORESTILLINGER OM DØDEN/ DE UTVALGTE

TORSDAG 09.09 kl. 18.00, 21.00

FREDAG 10.09 kl. 13.00, 17,00

FJALERHALLEN

- Ei nær-livet-oppleving !

I  all religion og mytologi har døden til alle tider vore eit sentralt tema. Sjølvsagt: alle kjenner den, samstundes er den det største mysteriet. I teaterkompaniet De Utvalgte sine arbeid, har medvitet om døden lenge vore til stades - som underliggande kontekst og motiverandre faktor - eller ein lavt brummande motor som har drive arbeidet framover.


I Fem forestillinger om døden inviterast publikum inn til ei nær-livet-oppleving, formidla gjennom situasjonar og refleksjonane til menneske som nærmar seg - eller allereie har passert - denne grenseovergangen. Fem forestillinger om døden er ein teaterinstallasjon, der publikum vandrar gjennom fem rom, som gir ulike bod på kva døden kan være. Framsyninga hadde premiere på Black Box Teater i 2020 og hausta glitrande kritikkar.


«Jeg kunne trukket frem hvert eneste øyeblikk i denne forestillingen. (…) Jeg tenker etterpå på hvor fantastisk det er at kunst som dette finnes i verden og kan berøre meg så sterkt i noen korte, men svært betydningsfulle øyeblikk" -Mariken Lauvstad, Scenekunst.no


"Rocka, poetisk, undrende, morsom og urovekkende."

-Per Christian Selmer-Andersen, Aftenposten 


De Utvalgte er eit sentralt kompani i norsk teater, og har vunne fleire høgthengande prisar for arbeida sine.  Framsyningane deira beveger seg i grenselandet mellom teater, biletkunst og performance, og dei nyttar ny teknologi, til dømes 3D-film, som scenografi og narrativ. Aktørane i framsyningane deira er ofte menneske med og utan skodespelarerfaring, noko som gir ein dimensjon i spelet med roller og identitetar, autentisitet og teatralitet.


Fem forestillinger om døden er vidareutvikla etter Gammel, eit konsept av Ingeborg Eliassen som først vart vist ved Trondheim Kunstmuseum i 2004. Fem Forestillinger om døden er dedisert til Kari Winge Onstad (24.02.41–24.03.20)


Av og med:  De Utvalge: Eva Bøe Moen, Kari Vik Knutsen, Hans Wedvik, Kari Winge Onstad, Hans Magnus Ryan, Snorre Sjønøst Henriksen, Tommy Olsson, Helle Bendixen, Kjersti Alm Eriksen, Anne Gerd Grimsby Haarr, Torbjørn Davidsen, Anne Holtan, Boya Bøckman, Kari Holtan  Tekst: De Utvalgte, Karl Ove Knausgård, aktørene


Takk til: Thomas Thiis-Evensen, Karl Andreas Thiis-Evensen, Stein Winge, Viktoria Winge, Honning-Knut, Montebøllo, Stefano B. Bertelli ved Kybernetikk og robotikk NTNU (Trondheim) og Læringsverkstedet – Drammen kommune.


Co-produsentar: Black Box Teater og Rosendal teater.  Støtta av Norsk Kulturråd.