KORALL, KORAL – ein babyopera Av hanne Dieserud, Christina Lindgren og Maja Ratkje
15.-18.september 2016
-Verdas fyrste babyopera- frå havbotnen !
Korall, koral- ein babyopera er laga spesielt for born i alderen 0-3 år. Musikk og song lokkar borna inn i eit skjelforma telt, fylt av instrument som liknar vesen frå havet. Havhestharpe, sekkepipesekkedyr, glasschimesmanet og dobbeltdyrfløyte. Kanskje er vi på ein stad under havoverflata i Nordishavet? Her lev vesen vi ikkje veit mykje om. I denne operaen har born og vaksne like føresetnader. Her er det ikkje noko som vert fortalt, forklart eller skal forståast – berre opplevast! Etter framsyninga kan borna utforske rommet og instrumenta på eiga hand.
Korall koral - ein babyopera hadde premiere i 2009 i samarbeid mellom utøvarane Hanne Dieserud og Christina Lindgren, og komponist Maja Ratkje. Framsyninga har no spelt over 350 framsyningar for meir enn 12.000 personar i Norge og Europa.
Idé og regi: Hanne Dieserud og Christina Lindgren
Musikalsk komposisjon: Maja Solveig Kjelstrup Ratkje
Scenografi og kostyme: Christina Lindgren
Utøvarar: Elisabeth Holmertz, Hanna Gjermundrød
Produsert av Dieserud/ Lindgren i samarbeid med Den Norske Opera & Ballett og Riksteatret. Støtta av Norsk Kulturråd, NOTAM, Fond for utøvende kunstnere, Fond for lyd og bilde og Norsk Utanriksdepartement.