FLICKAN OCH HAVSKILDPADDAN  Teater Albatross

-Familieframsyning om ei eventyrreise over havet!


Ei jente og ei havskilpadde vert født same natt på ei strand i Kamerun, og  livet deira vert veva saman.  Dei er begge opprørte over korleis menneska øydelegg havet, og saman bestemmer dei seg for å gjera noko. Dei reiser tvers over havet på ei reise full av eventyr og musikk, og på vegen møter dei  mange underfundige vassdyr. Dette er ei familieframsyning som passar godt for barn frå 4 år.


”Flickan och Havssköldpaddan er ein fest å sjå og oppleve med alle sansar» Hallandsposten


“Fantasifull scenografi og ei blanding av teater, projeksjoner, lyd, film og lyssetting gjorde framsyninga ekstra spennande og livfull”

Skaraborgs Länstidning



Teater Albatross er eit svensk teaterkompani som har turnert internasjonalt i 30 år. ”Flickan och havskildpadden” er del av ein trilogi om Afrika, som kompaniet har arbeida med i fleire år. Bakgrunnen for trilogien er Teater Albatross sine gjentekne besøk til Kamerun. I fiskarbyen Ebodje vart dei bedne om å fortelje Europa om det store problemet med utfiskinga. Før framsyninga viser vi kortfilmen I en fiskeby i Kamerun.


Manus og regi: Robert Jakobsson og Charlotta Grimfjord Cederblad

Skodespelarar: Charlotta Grimfjord Cederblad/Lisa Eliasson og Robert Jakobsson

Scenografi og kostyme: Åsa Lieberath i samarbeid med Timja Femling, Håkan Sjöström og Annika Vestel

Øvrige tilverkande av scenografi og kostyme: Karin Jonsson, Ellinor Andersson Aghedo, Gilles Dieng og Margit Andersson

Musikk: Jan Rådvik (sluttmusikk av Krzysztof Zimmerman)

Songtekstar: Charlotta Grimfjord Cederblad

Lys: Oskar Ekstrand

Teknikk: Oskar Ekstrand


Framsyninga er gjort med støtte frå Statens Kulturråd, Region Halland og Falkenbergs kommun.


Spelast i Fjalerhallen søndag 13/9  kl. 12.00.