WE COME FROM FAR, FAR AWAY/NIE

  TORSDAG 10. 09

FREDAG 11.09

SAMVIRKET SCENE


- Heddaprisvinnande framsyning om born på flukt. 


Inne i det store teltet er det eit lite telt, og inne i det lille teltet er det ein gutt. Han har reist langt. Han har stort sett reist aleine. Han vil vise deg tinga han har med seg. Han vil og fortelje deg kvifor han reiste, og vegen han tok, men han kan ikkje fortelje korleis historia ender… 


I samarbeid med den Kulturelle Skulesekken i Vestland presenterer vi ei framsyning som vi har jobba lenge for å få til festivalen. "We Come from Far, Far Away"  er eit forsøk på å skape dialog om born på flukt. Ramma er den langvarige krisa i Syria, og stykket er basert på historier samla inn på Hvalstads transittmottak for mindreårige asylsøkere i Asker. I stykket følgjer vi ungdommane Omar og Abdallah på deira flukt frå Aleppo i Syria, fram til ein av dei landar på Oslo S. Historia spelast ut ved hjelp av levande musikk, forteljing, clowning og skuggeteater. Publikum sit inne i eit telt. 


Kompaniet NIE lagar ofte framsyningar som handlar om håp, overleving og livskraft, og er kjent for sine leikne, ekspressive og musikalske framsyningar. Produksjonen passar for publikum fra 10-99 år.«We Come from Far, Far Away» hadde premiere under festivalen Showbox i 2016. Den vann heddaprisen i 2017,  i kategorien beste framsyning for ungdom, og har spelt på festival, i DKS og turnert i inn - og utland sidan.


Produksjon: NIE. Regi: Alex Byrne , Dramaturg og Kunstnerisk bistand: Kjell Moberg , Utøvere: Vaclav Kalivoda, Iva Moberg, Nora Svalheim & Robert Orr, Musikk: David Hlaváč & NIE, Scenografi: Kateřina Housková & NIE,  Lysdesign: Šimon Kočí, Tekniker: Lukas Kalivoda.