SOM EN FREMMED FAUNA/KHIO MASTER I TEATER KULL 2019

LAURDAG 12. 09. 

GARASJEVANDRING I DALE

- Garasjevandring i Dale ! 



Vi  fortsetter  vårt samarbeidet med kunsthøgskolen i Oslo, som for tredje gong vil sende sine elevar i Master i Teater til Dale for å skape sine prosjekt på festivalen. I år inviterer vi heile bygda til ein storstilt «Garasjevandring» i Dale på laurdagskvelden.  Publikum kan vandre mellom garasjer, naust og båthus og sjå, høyre og oppleve teater, performance, musikk og installasjonskunst. Det vert stasjonar for servering av mat og drikke i sentrum, og vi trur dette kan verte ein kjekk laurdagskveld for heile familien ! 


Kusntnaranes tankar bak:

I Som en fremmed fauna* ynskjer studentane i Master i Teater kull 2019 å finne sin plass i den eksisterende kvardagsrytmen i Dale. Saman vil dei forsøke å stake ut eit felles samspel mellom det eksisterande og det ukjente, og sjå om dei kan skape en form for djupare nærvær, i ei tid dominert av avmakt og avstand. 


I ein samling episodiske framsyningar og hendingar, inviterer MA Teater til eit event kor dei sceniske verka er del av ein heilskapeleg symbiose. Blant glemte hus, i garasjer, naust og i mellomromma, finnast forteljingar. Om ein bare gir det plass - kan ein oppleve dei. Om ein berre finn dei. 


*Fauna: Alt dyreliv til stede i en bestemt region og/eller tid


Master i Teater kull 2019 på Kunsthøgskolen i Oslo er:

Sara Baban / Lea Agathe Basch Opheim / Jo Even Bjørke / Ingri Enger Damon / Tina Sofie Frostrud

Natali Abrahamsen Garner / Lærke Grøntved / Ingrid Liavaag / Linda Gathu / Mine Nilay Yalcin

Kyrre Heldal Karlsen. Bilde av Natali Abrahamsen Garner