HUNDREVIS AV BARN I VILL KAMP/ Kilden Teater

LAURDAG 12.09. KL. 14.00 OG 17.00

SAMVIRKET SCENE

- Bli med på flukt inn i eit born si fantasiverd. 


På veg frå sjukehuset, der ein bestemor nett har døydd, fell ein gut frå skuldrane til far sin, og ned mot asfalten. Men i staden for å treffe bakken, fell barnet vidare og ned mot eit hav. Der nede ser han ei skute med hundrevis av born i vill kamp. 


Å gå inn i born si evne til å bearbeide kjensler gjennom leik og fantasi er utgangspunktet for den rykande ferske teksten Hundrevis av barn i vill kamp, skrive av Eirik Fauske, som har 

vitja Teaterfestivalen fleire gonger. Agder Nye Teater ved 

Magnus Sparsaas og Sunniva Fliflet står for regien. Med ein uforutsigbar scenografi vil dei skape ein spennande leikeverd som borna kan leve seg inn i. 


Lengde ca. 45 min. Framsyninga passar for born frå fem år og oppover. I deler av framsyninga er det høge lyder, røyk og mørke.


Medverkande: Ragnhild Meling Enoksen og Fredrik Høstaker, Regi:  Magnus Sparsaas og Sunniva Fliflet, Scenografi/ kostymedesign: Christa Barlinn Korvald, Herman Breda Enkerud, Erlend Peder Kvam, Dramaturg:  Endre Sannes Hadland,  Lysdesign: Joakim Stien, Ekstern dramaturg, tekst: Marit Grimstad Eggen, Teaterpedagog: Christine Helland.  Produsert av Kilden Teater med utviklingsstøtte frå Dramatikkens hus.