Fjaler er ein liten kommune i Sogn og Fjordane med knappe 3000 innbyggarar. Kommunesenteret ligg i den vesle bygda Dale i Sunnfjord, og det meste av festivalen går føre seg her. Teaterfestivalen i Fjaler vart etablert i 2013, av scenekunstnarane Torkil Sandsund og Miriam Prestøy Lie, i samarbeid med produsent Ingrid Hansen. Festivalen har gått av stabelen kvart år i september sidan.
I dag vert festivalen drive av Sandsund & Lie som kunstnarlege leiarar, i samarbeid med eit festivalstyre som består av Kristin Skiftun (produkjsonsleiar), Yasin Gyltepe (teknisk leiar) og Pernille Rivedal Hellevik (produsent). Festivalen knyttar og kvart år til seg eit produksjonsteam som er med og produsere og avvikle festivalen profesjonelt. I tillegg til festivalteamet har vi kvart år med oss meir enn 150 frivillige som stiller som husvertar, sjåfører, riggarar, bakarar, bryggarar og billettører. Teaterfestivalen i Fjaler er eit stort samarbeid der store deler av bygda er engasjert.
Vi programmer festivalen ut frå ulike tema kvart år. Programmeringa er det festivalstyret som står for, og den skjer bode gjennom at kunstnarar tar kontakt, at vi reiser ut og ser framsyningar og gjennom open call. vi har og faste samarbeid, med bl.anna Kunsthøgskulen i Oslo. Vi er alltid glade for tips om nye kompani eller prosjekt som kan vere relevante! Ynskjer du å bli programmert til festivalen eller har du andre spørsmål ? Du kan sende mail til: teaterfestivalenifjaler@gmail.com, eller ring oss på: 97976282.