Tarrak reknast som ein av dei viktigaste stemmane på den grønlandske rapscena, og har ein fanskare som strekk seg langt utover landegrensa. Han rappar på morsmålet, Kalaallisut, og gjennom tekstene sine formidlar han koblingane mellom det politiske og det personlige, med ein sylskarp og kompromissløs kritikk av kolonialistisk tankegang.
I 2023 skreiv han historie som den første grønlandske rapparen som sto på scena på Roskilde, og på Den store bygdefesten laurdag kveld kan ein oppleve Tarrak med fullt band, på scena i Klokkargarden. Tarrak kjem og til å opptre i eit mindre format på fredagskvelden, under Heime@Rivedal.