SOGEHAVET - om vårt felles kulturelle sameige 


TORSDAG kl. 13.00 

KAFÈSCENA SAMVIRKET

-Om myter, segn og kulturelt slektsskap. 


Teaterfestivalen i Fjaler vil i 2025 og i åra framover ha eit særskild fokus på scenekunst frå dei nord-atlantiske øyene, og på å å utforske dei kulturelle banda mellom Noreg og desse landa med utgangspunkt i felles historie, og kulturelt slektskap. Årets Radio Fjaler-sendingar tek også opp i seg denne tematikken.


Til å innleie sendinga har vi invitert historikar Gaute Losnegård med eit kåseri, som tek føre seg byrjinga av vår felles historie; da landsforviste og politiske flyktningar frå Noreg slo seg ned som landnåmsmenn og la grunnlaget for Noregsveldet. Det er ei historie om kolonisering, jakt på ressursar- og om misjonering, men og ei historie om kulturelle bånd og viktigheita av dei.


Hovuddelen av sendinga er ei samtale mellom Biskop Ragnhild Jepsen, Natajaraak Joelsen, Jekvan Andriaasen og Fridtjov Urdal - med bidrag frå  deltakarar frå teatercamp for unge nordiske scenekunstnarar. Samtalen vil mellom anna dreie seg om forteljingar og symbol frå vår felles fortid, knytt til den nordiske og arktiske natur, levevegar og åndeverden. Vi søker blant myter, soger og anekdotar frå historia, frå landnåmstida, kolonitida og det moderne gjennombrotet. Og drøfter korleis desse brytningene har endra måten vår å tenkje på og samhandle på.


Om du ikkje rekker å lytte til samtalen live i vår koselege festivalkafé, kan du høyre den seinare - alle sendingane vert lagt ut som podcast.