FENOMENET FJALER- ope kommunestyremøte og fagseminar
FREDAG 11.09
DEL 1: kl. 10.30-12-00 KOMMUNESTYRESALEN
DEL 2: kl.13.00- 14.30 KAFESCENA SAMVIRKET
Kva rolle kan sterke kulturmiljø utanfor dei store byane spele i framtidas kulturliv?
Fjaler kommune har lange kulturtradisjonar. Dei siste 15 åra har ei sterk, langvarig satsing sett kommunen på kulturkartet. Vi kallar det gjerne «fenomenet Fjaler» – eit medvite arbeid for å vere eit levande knutepunkt for profesjonell kunst og kultur på bygda.
Med Fjaler som utgangspunkt, har vi invitert sentrale aktørar i den offentlege kulturforvaltninga og profesjonelle aktørar frå kulturlivet, til ein utvida samtale om effekten av ein slik årelang satsing. Kva verknader oppstår - lokalt og i kulturfeltet, og korleis skal vi forvalte og utvikle dette vidare? Og korleis kan kommune, fylke, stat og større kulturinstitusjonar spele saman? Samtalen foregår i kommunestyresalen, med politikarane til stades.
Del 1, kommunestyresalen i Fjaler:
Panelsamtale med:
Trude Storheim – statssekretær, Kultur- og likestillingsdepartementet Per Morten Ekerhovd – direktør for kultur og folkehelse, Vestland fylkeskommune Solrun Toft Iversen – teatersjef, Den Nationale Scene Nina Refsnes Smith – seniorrådgivar for internasjonalt samarbeid, Kulturdirektoratet Karen Sofie Sørensen – dagleg leiar, Kulturrom
Samtalelen vert leia av Mariken Lauvstad, m.a. kulturkommentator i Klassekampen og forfattar av boka “Kampen om Kunsten”.
Presentasjonar:
PreForm AS: Frå produksjonshus til kompetansesenter v/ Evy Singstad - dagled leiar i Preform
Teaterfestivalen i Fjaler: Samfunnsfunksjon, Vestnorden og steget vidare v/ Torkil Sandsund
Jakob Sande – senter for forteljekunst v/ dagleg leiar Rakel Solheim
Nordisk Kunstnarsenter Dale v/ direktør Kira Van Hoege
Fjordkysten Geo- og regionalpark (UNESCO): «Power of the Place» – eit nordatlantisk residenssamarbeid v/ dagleg leiar Trude Søilen
Det blir òg opna for korte innspel frå kommunestyresalen.
Del 2, kaféscena Samvirket, Kl. 13.00–14.30:
Frå små stader til større samanhengar
Etter kommunestyremøtet vert det Rundebordsamatale på Samvirket, der vi løftar blikket frå Fjaler og ser på samanhengene vi står i: Vestland, Noreg, Vestnorden og eit stadig tettare internasjonalt kulturliv.
Rundt bordet møtest kunstnarar, institusjonsleiarar, forskarar, offentleg forvaltning og andre samarbeidspartnarar. Vi spør kvifor sterke kunst- og kulturmiljø oppstår på nokre små stader, kva som skal til for at dei kan vare og utvikle seg, og kva dei kan tilføre eit kulturliv som i stor grad er organisert rundt dei større byane og institusjonane.
Kva skjer når festival, produksjon, residensar, kunstnarar, frivilligheit, lokale institusjonar og internasjonale nettverk byrjar å verke saman? Kva kan dei store institusjonane og dei mindre miljøa tilføre kvarandre? Og kva slags kulturpolitikk og samarbeid trengst dersom slike miljø skal få utvikle seg over tid?
Samtalen vender også blikket vestover. Teaterfestivalen og fleire av kulturmiljøa i Fjaler har dei siste åra utvikla tettare samband med Island, Færøyane, Grønland og resten av Nord-Atlanteren. Kva kan desse stadene lære av kvarandre? Kva kan kunstnarar og kulturinstitusjonar byggje saman på tvers av havet? Og kva rolle kan kunsten spele som møteplass i ein region som igjen får større internasjonal og geopolitisk merksemd?
Dette er ikkje tenkt som ein tradisjonell paneldebatt med ferdige svar. Vi inviterer til ei open rundebordssamtale der deltakarane og publikum kan tenkje høgt saman om kva slags kulturmiljø vi ønskjer å byggje for framtida.
Samtalen vert leia av Mariken Lauvstad.
Arr: Fjaler Kommune, Preform og Teaterfestivalen i Fjaler.