Teatertilhengeren er Den Nationale Scenes si omreisande utandørsscene for born, og vi er utruleg glade for at dei kjem til festivalen med ei nydeleg framsyning for ungar, der dei vert tatt med på ei eventyrleg reise.
I Fra et kikkhull i himmelen møter vi Kyana, ei nyfiken jente fra den andre siden av jorda. Kyana likar å sjå opp på stjernene og lurar mykje på korleis verda heng saman. Ho saknar mora sin, og tenkjer at stjernene kanskje er små kikkhull- slik at de som ikkje er her lenger, likevel kan sjå ned på oss.
Ein dag skjer det noko merkeleg. Eit underlig himmelfenomen stel merksemda til både mennesker og dyr. Når dei vaksne vert fjerne som om tankane deira har flydd av gårde, skjønar Kyana at ho må gjere noko. Ho legg ut på ei reise gjennom luft og skyer, og på vegen får ho nye vener, og møter mange rare skapningar. Fra et kikkhull i himmelen er ei leken og rørande framsyning om å ha mot til våge, om å undre seg og å sjå hverandre. Sjølv når verda kjennast litt uforståelig.
Born i skulealder får sjå framsyninga under Teaterdag for born, på festivallaurdag er familiar med mindre born hjartleg velkommen. Framsyninga er gratis, men vi oppmodar til å ta ut billett på billettsida vår.
Framsyninga er skrive av Sturla Alvsvåg og Miriam Fernandes. Regi: Miriam Fernandes. Med: Harald Nødtved, Tomine Mikkeline. Produsert av: Den Nationale Scene