Festivalsymposium om naturverdiar, samfunnsnytte og politisk handlingsrom
Dei siste tiåra har omgrep som berekraft og grøn omstilling prega debattar, der naturverdiar vert vekta mot ulike former for samfunnsnytte. Dei seinare åra har også ord som beredskap, tryggleik, og kritiske ressursar fått stadig større tyngde og plass. Vi ser på korleis slike omgrep veks fram og korleis dei påverkar den politiske samtalen. Korleis endrast handlingsrommet når strategiske omsyn dominerer, og kva gjer det med andre samfunnsomsyn og rettsvernet?
Nokre av dei store naturkonfliktene i Noreg og i Vest-Norden i dag står midt i desse problemstillingane; og i denne samtalen har vi invitert erfarne politikarar, fagkyndige, samt aktørar som representerar lokale saker som er berørte av desse problemstillingane.
I panelet:
Liv Signe Navarsete, avtroppande statforvaltar i Vestland
Tale Næss, regissør og dramatikar, aktuell med forestillinga “Stilla”
Eirik Myrhaug, forfattar, samisk Noaidi, pioner innen økologisk økonomi og talsmann for samenes sultestrek, Altaaksjonen 1981
Anne-Line Thingnes Førsund, leiar i Førdefjorden-gruppa og Naturvernforbundet
Ingunn Kjelstad, leiar av Motvind i Sunnfjord og Ytre Sogn
Helge Kårstad, Selsvatnet ved Storehesten.
Samtalen vert innleia og moderert av festivalsjef Torkil Sandsund.