Teaterfestivalen i Fjaler vert kvart år programmert ut fra ein tematisk overbygning. Vi legg  vekt på å være ein ein samfunnsengasjert festival, og på å skape møtepunkt mellom kunsten og bygda på fleire nivå; vi leiter heile tida etter krysningspunkt mellom den lokale konteksten og globale problemstillingar. I tillegg til å presentere engasjerande scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet, inviterer vi til debattar, foredrag og andre aktivitetar med utgangspunkt i programmet.Overordna har festivalåra vore delt opp i nokre linjer: 2013 - 2017: Mennesket og naturen., 2018 - 2020: Menneske og samfunn og 2021 - 2024: Mennesket og and. Frå 2025 begynner vi ein ny festivalsyklus, med «Kretslaup» som overordna tema, og med ei satsing på samarbeid med scenekunstnarar frå Nord-Atlanteren.