A NIGHT OUT IN RIVEDAL - musikkfestival i private heimer! 



FREDAG 12.09 kl. 19.00- 01.00 

HEILE RIVEDAL. OPPMØTE VED GRENDAHUSET 

SHUTTLE-BUSS FRÅ DALE SENTRUM 

Fredag kveld inviterer vi til ein heilt spesiell heilaften i Ingold Arnarssons rike; nemlig i den gjestfrie bygda Rivedal ! Her kan du vandre fra hus til hus og oppleve artistar frå heile Norden - i private heimar, løer og fjøs! Kvar konsert eller performance varer omlag 20 minutt, og du veljer sjølv kva rute du vil gå og kva du vil oppleve; vi garanterer at dette uansett vert ei oppleving du seint vil gløyme !

PRAKTISK INFO: 

Billetten til  "One night out in Rivedal" inkluderer også buss til og frå Dale. Tider for bussavgang vert annonsert her på sida i august. 

Billetten kan du bytte til eit eige festivalpass for arrnangementet, dette gjør du på Rivedal grendehus ved arrangementstart. 

Vi samarbeider med grendalaget, som held open kafe og bar under heile arrangementet. 

Arrangementet er ope for born og ungdom, men det vert skjenking i avgrensa områder og i desse områda må dei under 18 vere i følge med ein vaksen.