FJALERSPELET 2020 (Avlyst)

HEILE FESTIVALEN

OVERALT

- Festivalleinga advarar mot spelentusiastar !


Vi i festivalleiinga advarar mot ei gruppe ivrige spel-entusiastar, som har satt seg fore å ha premiere på FJALERSPELET under årets teaterfestival. Dette skulle opprinneleg vore ei storsatsning på festivalen, men på bakgrunn av både koronasituasjonen, og avslag på deira søknad til kulturrådet, har vi tatt valet om å avlyse. Det vert difor ikkje noko Fjalerspel i 2020, sjølv om kunstnarleg leiar Thomas Gallagher, måtte meine noko anna. Som at vi i festivalleinga ynskjer å kneble dei, drive med kunstnarleg sensur, osv. På grunn av desse anklagane, vel vi å la kunstnarleg leiar i Fjalerspelet, Thomas Gallagher, komme med ein liten kommentar: 


«I et hvert liv kommer det et punkt hvor man må ta et standpunkt. Spel handler om lokalt

engasjement og frivillighet. Alle i bygda har gledet seg til å oppføre dette spelet.

Forsøket på å kneble Fjalerspelet er kun den siste urettferdigheten i en lang rekke

urovekkende maktdemionstrasjoner fra festivalledelsen. Ved det ekstraordinære årsmøtet

til Fjalerspelet, som ble avholdt 7. juni, ble det enstemmig at vi trosser festivalledelsen og

kjører på. Så folkens: GJØR DERE KLAR FOR KRIG! GJØR DERE KLAR FOR SPEL,

FOR VI GIR OSS ALDRI!"


Vi vil presisere at ingen i festivalleinga står inne for uttalelsen frå Gallagher. At dei, på tross av laber kunstnarleg kvalitet og koronasitusjonen, likevel ynksjer å gjennomføre spelet, er vi sterkt uenig i. Vi oppfordrar difor alle i bygda til å stå i mot, dersom nokon frå denne spelgjengen tek kontakt og prøver å engasjere dykk i vaffelsteiking, bygging av sceografi, eller inneha ei rolle. Vi ynskjer gjengen bak Fjalerspelet lykke til med å utarbeide sine visjonar, om ein kan kalle dei det, men ber dei innstendig om å finne ein anna bygd og ei annan festival å samarbeide med. 


Fjalerspelet er representeret ved: Thomas Gallagher, Simen Formo Hay, Johan Hveem Maurud, Lars Halvor Andreassen, Didrik Hagberg, Eilif Fjeld Teisbo.