RADIO FJALER

FREDAG 11.09. KL. 15.00

LAURDAG 12.09. KL. 13.00

SUNDAG 13.09. KL. 13.00

SAMVIRKET SCENE

- Live festivalpodcast 


Vi inviterer til live podcastsendinger i den koselege festivalkafeen vår, der du kan møte nokre av  kunstnarane bak årets framsyningar ! Samtalane vert leia av bergensparet Idun Vik og Henning Bergsvåg. Vik er  skodespelar og leiar for Bergen Dramatikkfestival, medan Bergvåg er poet, litteraturformidlar og brannsupportar.  Alle samtalene vert sendt seinare som podcast, om du ikkje har høve til å møte opp.


Fredag kl. 15.00:

«Fjell, frykt og kjærleik: Camara Lundestad Joof, Terje Isungset og Jonas Pedersen Øren i samtale med Idun Vik»


Dansar og koreograf Jonas Pedersen fra Høyanger har eit nostalgisk forhold til vestlandsnaturen han vaks opp i. 

Dramatikar Camara Joof vart invitert til å sitte ved ei bestemt fjordutsikt og skrive tekst til Desibel, medan komponist Terje Isungset gjerne finn musikken sin i fleire tusen år gamal is. Idun Vik samlar nokre av kunsntarane bak bestillingsverka «Røyst» og «Ripe» til ein samtale om inspirasjon, frykt og kjærleik,  i spennet mellom individ og natur.


Laurdag kl. 13.00: «Fotballspesial! Dag Solstad, Vegard Vinge, Arve Helle i samtale med Henning Bergsvåg«


Nokon vil meine at Dale er ei fotballbygd. Vi tester testen i ein djuptgåande samtale om fotballens mysterier og lengselen etter heltar; Henning Bergsvåg leiar samtalen med forfattar Dag Solstad og fotballspelet-regissør Vegard Vinge og tidlegare Fjalerordførar og linjemann Arve Helle. (Ved godvær vert denne samtalen flytta ut i parken.)


Søndag kl. 13.00:  

«Kunst i koronatida: kritikersamtale med Therese Bjørneboe, Chris Erichsen og Charlotte Myrbråthen!»


Scenekunsten og kutlurlivet er hardt ramma av koronakrisa- kva vert den langvarige konsekvensen? Digitalisering eller vandreteater? Vil vi se endringer i val av repertoar?  Til å hjelpe oss å løfte blikket og filosofere over kunstens kår i denne underlege forbudstida, har vi invitert scenekunstkritikarane Charlotte Myrbråten (BT/Klassekampen), Chris Erichsen (scenekunst.no) og Therese Bjørneboe (Redaktør, Norsk Shakespearetidsskrift).

Samtalen vert leia av Idun Vik.