LAURDAG 12.9 KL. 19.30 -  22.00

DROP IN - KOHORTDISCO/DJ_GROVI

SAMVIRKET SCENE

- Drop in- disco for alle! 


No kan du få din eigen lille dansefest  DJ_GROVI ! Den 

sagnomsuste dansegudinna er tilbake på festivalen atter ein gong, og er klar for å danse med DEG ! Men du må benytte deg av tida du er der: du og din kohort får berre tildelt 15 danseminutt!  Ta fram paljettar eller dansesko og gjer deg klar for DROP IN DISCO MED DJ_GROVI! 



Praktisk info: 6 personar får komme inn om gangen og får tildelt 15 minutt dansetid saman med DJ_GROVI. Inga aldersgrense, her er det rom for alle.  Her er det første mann til mølla! Ein melder seg på i festivlakafeen eller billettkontoret laurdag, eller ein kan møte opp å sjå om det er ledig tid!



Laurdagskveld skjer det mykje i heile Dale.  Vi vil tilrettelegge festivlakaféen som ein  møteplass for dei under 18 denne kvelden. Her kan ein gjøre forskjellige aktivitetar, som å spele spel, eller prøve seg på dansgolvet til DJ_Grovi. Kanskje vert det og spontane sceneopptredener frå barscenea. Festivalkaféen er open til  22.00 med enkel servering.



Arr. Teaterfestivalen i samarbeid med Fjaler Kommune