DET USYNLEGE BARNET/TEATER VESTLAND

LAURDAG 12. 09. 

STJERNETÅRNET I YKSNEBJØR BARNEHAGE

- Spennande forteljarstund i Stjernetårnet !


Laurdag vert det "Teaterdag for born" i Dale  !  Ei av framsyningane foregår oppe i Stjernetårnet på Yksnebjør. Saman med Teater Vestland inviterer vi til eit intimt og spennande forteljarteater, basert på eventyret om «Det usynlege barnet» av Tove Jansson. Det er skodespelar Reidun Melvær Berge som fortel. 


Ein regnfull haustdag kjem ein gammal kjenning uventa på besøk til Mummi-familien. Det viser seg raskt at ho ikkje kjem åleine. Ho vil at Mummifamilien skal passe på ei lita jente som heiter Ninni. Men det er ikkje berre lett når Ninni er usynleg! Klarer Mummitrollet og familien å hjelpe den usynlege jenta til å bli synleg att? Korleis gjer ein eigentleg det?


Framsyninga vart opprinneleg produsert som ei digital forteljarstund i koronatida. Framsyinga varer i ca 25 min. Det er plass til 10 born på kvar framsyning, og den går fleire tidspunkt. 



Medverkande: Reidun Melvær Berge. Produsert av Teater Vestland.