FREDAG 11. 09. KL. 18.00

LAURDAG 12.09. KL. 10.00

SØNDAG 13.09. KL. 16.00

RØYST-HØYRESPEL FOR FJORDEN/DESIBEL

DALSFJORDEN

- Med fjorden som scene. 


"Røyst - høyrespel for fjorden" er eit bestillingsverk til årets teaterfestival. Då koronakrisa ramma, inviterte vi tre dramatikarar og to komponistar til å gå saman kvar for seg, om å lage eit høyrespel for Desibel* - verdas største mobile hornhøgtalar. Publikum kan oppleve verket frå båt i Dalsfjorden. 


Dramatikarane Mari Hesjedal (Voss), Camara Lundestad Joof (Oslo) og Emma Crowe ( London/Dale) er tre unike og sterke stemmar i norsk og britisk dramatikk, som skriv frå kvar sitt perspektiv.  Men i arbeidet med «Røyst» har dei, etter tur, vore på skriveopphald i Vevring i Sunnfjord, der hornet har sitt opphav. Dei har sitte i ved det same vindauget, sett ut over den same fjorden og elles hatt frie tøyler. I verket «Røyst - eit høyrespel for fjorden», vil dei tre dramatiske tekstane tonesettast av komponistane Sjur Miljeteig og Terje Isungset.


Med billetten får du plass på ein av båtane som festivalen organiserer. Møt opp i gamle Moloen ved angitt tidspunkt.  Det som har eigen båt er velkomne til å oppleve verket, men gjer vel å skru av motoren !


Tekst: Camara Joof Lundestad, Mari Hesjedal, Emma Crowe. Musikk: Terje Isungset og Sjur Miljeteig. Konsept og produsent: Torkil Sandsund.  Skodespelarar: Kyrre Eikaas Ottesten, Idun Losnegård, Reidun Melvær Berge.

 *Desibel vart laga til Vevringutstillinga sitt 30-årsjubileum i 2009, som eit kunstnarleg protest-verk mot den planlagde gruveprosjektet i Førdefjorden, av billedkunstnar Geir Hjetland i samarbeid med Bjørn Kobrek, Torkil Sandsund, Wenche Wefring og Maja Ratkje.  Røyst er ein produksjon av Teaterfestivalen i Fjaler, med støtte frå Dramatikkens Hus og Teater Vestland, Norsk Kulturråd, Fritt Ord og FFUK.