GAAHLS WYRD/konsert 

LAURDAG  12.09. KL 21.30.

UTEKONSERT PÅ FERGEKAIA I DALE

- Norges råaste svartmetallband og lyskunst på Helleberget !


Etter Ingolf Arnarsson, er det få Fjalerbuarar som har vekt meir merksemd internasjonal enn musikaren Kristian Espedal aka GAAHL. Han har sidan 90-talet vore ein pioner i norsk svartmetall, og har opparbeida seg legendestatus som vokalist i svartmetallbanda Gorgoroth, God Seed og Trelldom. Han har og ei karriere som kunstnar og driv galleri Fjalar i Bergen. 


Gaahls WYRD er det nyaste bandet til Espedal. Bandet si siste plate «Gastir - ghost invited» har fått strålande kritikkar i inn -og utland, og fekk i fjor spellemannsprisen for beste metal-album. Bandet har rykte på seg for å være ei av dei råaste liveopplevingane på svartmetallscena.  Det er difor ei aldri så lita historisk hending når Espedal no vitjar  ei scene i Fjaler, 


Bakteppet vil vere Dalsfjorden, og lyskunstnar Kyrre Heldal Karlsen vil akkompagnere konserten med videokunst projisert på Helleberget. Dette vert ei totaloppleving verdt å få med seg! 


Gaahls Wyrd består av: Kristian Espedal, Ole Walaunet (The Batallion, God Seed, Grimfist), Frode Kilvik (Krakow, Aeternus), and Kevin Kvåle (Horizon Ablaze)