YOGAKRIGEN/ Sogn og Fjordane Teater

- Pust med magen - du er god nok, akkurat slik du er !

 

Før møttest kvinner rundt kjøkkenbordet og snakka saman, no går dei på yoga og snakkar ikkje saman i det heile tatt. Men i tankane brølar dei. I tankane går dei til åtak på kvarandre og ikkje minst seg sjølve med sleivete kommentarar og emosjonelle molotov-cocktailar. Tenk deg at du kan sjå begge desse parallelle røyndomane - både yogaen og krigen - skje på ein og same gong framfor deg på scena. Kva er verkeleg, og kva er draum? Kva blir sagt, og kva blir tenkt?

 

I dette stykket er publikum invitert inn i black-boxen i ein yogatime saman med fem damer som alle har sitt å stri med. Ei er åleinemor og lever på fattigdomsgrensa. Ho har fått gratis prøvetime og synest det heile er uvant og temmeleg rart. Ei anna har ei positiv tilnærming til det meste og er alltid på topp. Ei tredje er redd for at ho krympar og kjem til å forsvinne heilt. Ei fjerde eser utover og blir berre større og større. Ho orkar knapt å gå tur med hunden og ser nesten aldri mannen sin, som joggar heile tida. Til slutt er det yogainstruktøren. Ho har minst ro av dei alle. 

 

Av: Ingrid Jørgensen Dragland, Regi: Audny Chris Holsen, Koreograf: Sigrid Edvardsson, Skodespelarar: Idun Losnegård, Reidun Melvær Berge, Nina Woxholt, Oda Kirkebø Nyfløtt og Linn Løvik, Lysdesign: Krystian Myska. Yogakrigen er produsert av Sogn og Fjordane Teater.