VI ER DETTE AUGET/ EIRIK FAUSKE

LAURDAG 14.09. KL. 14.00

SØNDAG 15.09. KL. 10:00

LJOSHEIM - FV607 - LAMMETUN

- Magical Mystery tour med Fauske Reiser !


Eit bål brenn ned . 


Ein flokk i joggedraktar samlar seg.


Ei tidsreise. Ein embedsmann i frå Voss. Ei performativ bussreise på tidleg nittenhundretal. 


Med desse kryptiske orda ynskjer reiseledar Eirik Fauske velkommen til ei heilt spesiell oppleving. «Vi er dette auget» er ei stadspesifikk, bevegeleg framsyning som har gjesta fleire festivaler dette året. Sjølve framsyninga har form som ei reise. Eit framsyningsformat som set publikum i fleire posisjonar, som gjest, deltakar og medverkande. Publikum møter opp på Ljosheim i Dale, deretter følger framsyninga fylkesveg 607 til Lammetun, og tilbake. Framsyninga varar i ca. 3 timer, og ein må kle seg etter vær og føre. Servering underveis !


Eirik Fauske har vitja festivalen to gonger før, i 2013 med framsyninga "LINDÅS" og i 2014 med prosjektet «Sorgarbeid», som vart presentert i skogen på Dalsåsen.


Av og med: Eirik Fauske, Ida Grimsgaard, Marit Grimstad Eggen, Camilla Vatne Barratt-Due, Kjersti Aas Stenby, Erik Bauck Bårdstu, og TBA. Støtta av: Kulturrådet, Stamsund Internasjonale teaterfestival, Villa Lofoten AIR, Fond for lyd og bilde, Teaterfestivalen i Fjaler, og Dramatikkens hus.