SØNDAG 15. 09. KL. 15:00

VÅR MANN,VINJE/ SOGN OG FJORDANE TEATER

ALLMUEN KAFE OG INTERIØR

-Biografisk halvtime om Vinje, i visestil !


Aasmund Olavsson Vinje var ein mann som stod på og kjempa for korleis samfunnet skulle vere. Han såg på ting som var skeivt i samfunnet og var oppteken av like rettar. Han blei motarbeidd og sett ned på av dei som bestemte, men gav seg ikkje. Han kjempa for nynorsken og for at folk skulle få seg ei utdanning, uansett kva stand ein høyrte til. 


Vi ynskjer velkommen til ein biografisk halvtime om Vinje, i visestil, med skodespelar Kyrre Eikås Ottersen. Publikum vil mellom anna få høyre dikta «Der du gjekk fyre» og «Ved Rondane», i tillegg til utdrag frå den aller første boka på nynorsk, nemleg «Ferdaminni frå sumaren 1860». Boka inneheld reiseskildringar frå gå-turen mellom Christiania og Trondheim. Vinje var glad i menneske og i boka skildrar han desse møta på poetisk vis.



Tekstar av Aasmund Olavsson Vinje og Lars Amund Waage. Medverkande: Kyrre Eikaås Ottersen. Regi: Bodil Kvamme.  Idè og prosjektutforming for "Vinje, vår mann" i 2018 var Janne Karin Støylen i Rom for ord. Denne framsyninga var produsert av Sogn og Fjordane Teater med støtte frå stiftingane Fritt ord og Norsk Kulturråd.