LAURDAG 15.09. KL. 19.30. FJALERHALLEN

TUNG TIDS TALE/ Riksteatret

FJALERHALLEN

- Om ei mor sin kjærleik og kamp for eit barn som er annleis.

 

Daniel er tre år, og foreldra gler seg over kor flink han er til å synge og prate. Men så tek plutseleg pratinga slutt. Latteren vender seg innover. Den vesle guten endrar seg. For mora begynner ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga han treng. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp?

 

"Tung tids tale" er inga heltehistorie. Det er ei historie om oss alle. Skrive med både humor, sinne og varme. Om ei mor som må gi så mykje meir kjærleik enn ho får. Om ei mor som møter ei tyngre tid enn ho visste fanst. Midt i Norge, midt i livet, midt i kvardagen til folk.

 

Olaug Nilssen er ein av våre mest vitale og engasjerte forfattarar, med ein penn som både er skarp og inderleg, og med Tung tids tale vann ho i fjor Brageprisen. "Ei kjærleikshistorie", kallar ho sjølv boka.Når Riksteatret går saman med Det Norske Teatret og Kilden Teater om å lage teater av denne sterkt personlege og kritikarroste romanen, er det Marit Moum Aune som har regien. Ho er ein av våre fremste regissørar, med oppdrag for TV, film og teater, og har tidlegare laga publikumssuksessar av Olaug Nilssen sine "Få meg på, for faen"," Vi har så korte armar" og "Stort og stygt". For tida er ho aktuell med "Engler i Amerika" på Nationaltheatret. Dramatiseringa er gjort av Toril Solvang i samarbeid med regissøren og Olaug Nilssen sjølv.

 

"Kollektiv kraftprestasjon"

VG

 

"Heretter heter det vi"

Dagbladet

 

"Tung tids tale er en veldig god bok. Men sceneversjonen er om mulig enda litt bedre"

Dagsavisen

 

 

Av: Olaug Nilssen. Dramatisering: Toril Solvang. Regi: Marit Moum Aune. Medverkande: Jon Bleiklie Devik, Marianne Krogh, Julie Moe Sandø, Siren Jørgensen. Scenograf: Even Børsum. Lysdesignar: Ola Bråten. Lyddesignar: Nils Wingerei. Ein samproduksjon mellom Riksteatret og Det Norske Teatret i samarbeid med Kilden Teater.