TORSDAG 13.09. KL. 21.00

THE LAST HURRAH!!/ Konsert

SAMVIRKE SCENE

- Konsertoppleving du ikkje vil gå glipp av !

 

Torsdag kveld feirar vi opning av festivalen med ein storslått konsertoppleving ! Bandet The Last Hurrah!! er ei norsk/amerikansk 7 mannsgruppe som har fått mykje merksemd dei siste åra, både nasjonalt og internasjonalt.

 

Leiar for bandet er den visjonære komponisten, plateprodusenten og musikaren Hans Petter Gundersen frå Bergen. Musikken er ein fusjon av alle tenkjelege dimensjonar i amerikansk musikkhistorie; med element av amerikansk folk og country frå 60- og 70-talet, så vel som kvit gospel, blues, funk, i tillegg til musikk inspirert av dei amerikanske komponistane Brian Wilson, Cole Porter og George Gerswin. Alt saman genuint formidla av vokalist og låtskrivar Maesa Pullman frå Los Angeles, som reknast å vere mellom dei ypperste representantane for den gryande folk rock-renessansen i California for tida.

 

«Melodiene er melk og honning for øret. Tekstene gir dem en mørkere understrøm. Og «Those Memories» er hardcore tårer-i-halvliteren country.(...)«Mud owers» er helt nydelig.»
(VG om plata Mud owers (2015))

 

 

I tillegg til vokalist Maesa Pullmann, og HP Gundersen sjølv, spelar «vår eigen» Kåre Sandvik frå Flekke tangentar, med Jason Hiller på bass, David Vogt (Real Ones) på fiolin, Henrik Paulsen på gitar, og Bjørn Sæther på slagverk.