DE FJALERISTISKE/ Teater Prospero

LAURDAG 15. 09. KL. 14.00

FJALER UNGDOMSSKULE

- Sirkus du aldri har sett maken til !

 

 

"De Fjaleristiske" er ein hemmeleg sirkustrupp med ei glamorøs fortid og ikkje minst med ei lovande framtid ! Dei har ei medfødd evne til både komedie og tragedie. Gjennom sine ferdigheiter tar dei publikum med på ei reise frå latter til tårer - utan mellomlanding. Fest setebeltet…

 

«De Fjaleristiske» er eit samarbeidsprosjekt mellom Teater Prospero, Fjaler Kommune og Vevang Produksjon. I løpet av ei veke vil Teater Prospero utarbeide ei framsyning i lag med personar med ulike former for og grader av funksjonsnedsetting. Teater Prospero har tidlegare hatt stor suksess med sine klovneteaterframsyningar med eldre. Kompaniet består av teaterkunstnarane Josè Marià Lòpez og Vibeke Lie, som også er leiar av Sykehusklovnene.

 

Idé og regi: Josè Marià Lòpez og Vibeke Lie. Skodespelarar: Ingvild Leirpoll Rakneberg, Jon Magnus Øen, Arild Nybø, Sissel Nistad, Aud Gjermundstad, Endre Losnegård, Pål Furnes Ness, Thea Amida Leirvåg, Vilde Åsnes Skarstein.