OM OSS

Fjaler er ein liten kommune i Sogn og Fjordane med knappe 3000 innbyggarar. Kommunesenteret ligg i den vesle bygda Dale i Sunnfjord, og mykje av festivalen går føre seg her. Den fyrste Teaterfestivalen i Fjaler vart arrangert i 2013, og har gått av stabelen kvart år i september sidan.

 

Vi programmerer festivalen ut frå ein tematisk overbygning, og legg vekt på å skape møtepunkt mellom kunsten og bygda på fleire nivå. Vi presenterer engasjerande scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet, og inviterer til debattar, foredrag og andre aktivitetar med utgangspunkt i programmet. Med tema som "Perifere forteljingar" (2013), "Skog" (2014), "Fjord" (2015), "Ras"(2016) og "Antropocen" (2017), har vi lagt vekt på å vere ein samfunnsengasjert festival, og leiter heile tida etter krysningspunkt mellom den lokale konteksten og globale problemstillingar.

 

 

 

FRIVILLIG

Vil du vere frivillig ?

 

Vi treng folk til stort og smått, både før og under festivalen!

 

Å vere frivillig er som regel den beste måten å oppleve festivalen på; i tillegg til at det er sosialt og kjekt, får ein fribillettar til framsyningane og invitasjon til den store frivilligfesten laurdag kveld.

 

Vi treng frivillige til både billetsal, brødbaking, matnemnd, kafé, rigg, køyring, scenemannskap, brannvakt, vertskap, mm. Vi treng også fleire sengeplassar i private hus. Har du eit ledig hus eller eit rom med ei seng? Artistane får alle måltid i Jakob Sande-tunet – men treng ein plass å sove.

 

Vil du vere med ? Kontakt festivalprodusent Ingrid Hansen på: 47908100

 

Eller send oss ein epost: teaterfestivalenifjaler@gmail.com

OVERNATTING OG MAT

Dale motell: Fine rom til leige midt i Dale sentrum. Det er få rom, så her må ein vere tidleg ute! https://www.facebook.com/Dalemotell?sk=info

 

Andre alternativ: Askvoll Fjordhotell:http://askvollfjordhotell.no/

 

http://fjordkysten.no/no/OVERNATTING/

 

Finn du ikkje overnatting? Ta kontakt, så hjelper vi deg så godt vi kan ! Dale er ei lita bygd, men med mykje av både husrom og hjarterom.

 

Her kan du få kjøpt mat i Dale:

 

Festivalkafeen er open under festivalen. Den held til på Gamle Kommunehus. Her kan du mellom annna kjøpe kaffi og svele.

 

Allmuen kafe og interiør er ein koseleg kafé i Dalstunet. Allmuen er open fredag 9.00-17.00 og laurdag 10.00 – 16.00

Info og meny: (http://www.allmuen.no/)

 

Kaia Pub held ope innimellom. Torsdag under festivalen kan du kjøpe raspeballar her.

 

https://www.facebook.com/Kaia-824774430914243/?ref=ts&fref=ts

 

Coop Extra er open 7-23 (8-21)

 

Kiwi Dale senter er open 7-23 (8-21)