OM OSS

Fjaler er ein liten kommune  i Sogn og Fjordane med  knappe 3000 innbyggarar. Kommunesenteret ligg i den vesle bygda Dale i Sunnfjord, og mykje av festivalen går føre seg her.  Den fyrste Teaterfestivalen i Fjaler vart arrangert i 2013, og har gått av stabelen kvart år i september sidan.


Vi programmerer festivalen ut frå ein tematisk overbygning, og legg vekt på å skape møtepunkt mellom kunsten og bygda på fleire nivå. Vi  presenterer engasjerande scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet,  og  inviterer til debattar, foredrag og andre aktivitetar med utgangspunkt i programmet.  Med tema som "Perifere forteljingar" (2013), "Skog" (2014), "Fjord" (2015), "Ras"(2016) , "Antropocen" (2017) , "Utanforskap" (2018), "Motmakt/Avmakt" (2019) har vi lagt vekt på å vere ein samfunnsengasjert festival, og leiter heile tida etter krysningspunkt mellom den lokale konteksten og globale problemstillingar.  I 2020 var koronarestriksjonane utgangspunktet for programmeringa, og vi gjennomførte ein stor festival med mykje utandørs framsyningar. Og i 2021 begynte vi på ein ny serie festivalar som hadde fokus på menneske og and, gjennom temaene Tru, håp og kjærleik. "Tru" 2021 - "Håp" 2022 - "Kjærleik" 2023.

FRIVILLIG

Vil du vere frivillig ?


Å vere frivillig er som regel den beste måten å oppleve  festivalen på; i tillegg til at det er sosialt og kjekt, får ein festivalpass og invitasjon til eit av høgdepunkta på festivalen: den store frivilligfesten laurdag kveld.


Vi treng frivillige til både billetsal, brødbaking, matnemnd, kafé, rigg, køyring, scenemannskap, brannvakt, vertskap, mm. 


Vil du vere med ?


Kontakt Kristin Skiftun på: 926 99 462

Eller send oss ein epost:  teaterfestivalenifjaler@gmail.com

MAT OG OVERNATTING

Mat:

I tillegg til festivalkafeen finn du -kafeane Allmuen, og Fabel i Dale sentrum. Kaia Pub har også middagservering torsdag og søndag. På festivalkafeen på Samvirket har vi enkel mat, og barservering på kveldstid. Matbutikker er open fra 07:00 til 23:00 (21:00)

 

Overnatting:

Dale motell har fine rom midt i Dale sentrum men om du er villig til å reise litt er det mange fine alternativ ein liten svipptur unna. Her er nokre tips du kan prøve:


Dale motell: 

tlf: 40070470

 

UWC Connect: www.uwcconnect.com 

tlf: 57737000

12 km fra Dale


Yndestad Gard: www.yndestadgard.no

tlf: 57737577

28 km fra Dale


Askvoll Fjordhotell: www.askvollfjordhotell.no

tlf: 57733535

22 km fra Dale


Lammetun Ferie og fritid: www.lammetun.no

tlf: 47283634

40 km fra Dale