16. SEPTEMBER, del 1 10:00 - 12:00 Dale sentrum

16. SEPTEMBER, del 2 13:00 - 15:00 Dale sentrum

FESTIVALSYMPOSIUM

- Festivalsymposium om Antropocen og lokal bærekraft !

 

Antropocen ein navnet på ein foreslått ny geologisk epoke som jorda kan seiast å være inne i. Overgangen frå den holocene perioden kjem av dei omfattande endringane på kloden som skuldast menneskeleg aktivitet. Tradisjonen tru inviterer vi til festivalsymposium, der vi vil gå i djubda av festivaltema, og trekke linjer frå globale problemstillingar mot lokale løysingar. 

 

I år har vi invitert ein rekke lokale og nasjonale fagfolk som har ulike forhold til omgrepet Antropocen. Bode scenekunstnarar som arbeider med tematikken, tenkarar, og folk som gjennom arbeid har eit praktisk forhold til tematikken.

 

 

Symposiet foregår i to bolkar.

 

Del 1 Kl. 10.00 -12.00 

Først vil innleiarane holde kvart sitt innlegg med utgangspunkt i sitt forhold til begrepet Antropocen. I denne delen blir det og ein open samtale der publikum vil delta. Innleiarane er:

 

Andreas Vermehren Holm, forfattar og redaktør for forlaget Virkelig. Han har mellom anna skreve boka; Antropocæn Kreatur. Han vil halde ein praktisk introduksjon til begrepet og Antroposen som redskap til å tenke med.

 

Ludvig Uhlbors, scenekunstnar som har skreve masteroppgåve om «Kroppen i det antropocena». Aktuell på festivalen med «Arne Næss - gjennopstandelsen».

 

Linda Landøy, frå Norsk Sjøfuglsenter på Værlandet.

 

Morten Cranner, regissør og dramaturg knytt til Dramatikkens Hus.

 

Yngve Krokan, kompetanseleiar i Emballasjeforeningen.

 

Oddmund Klakegg, styreleiar i SUM og ordførar i Jølster.

 

Fridtjov Urdal, skald og ordstyrar.

 

 

Del 2 Kl 13.00 – 15.00

Del 2 vil foregå som ein «lukka» workshop for panelet, samt invitere politikarar og dei av publikum som vil vere med vidare. Her vil vi jobbe likestilt kring borda med å finne konkrete svar på problemstillingar som har dukka opp underveis. Fokuset vil ligge på lokal bærekraft - og særskilt på næringskjeden til avfallet vårt, fra produkson til endestasjon. Denne delen vert leia av Eli Grethe Høyvik.

Copyright @ All rights reserved