SOLARIS KORRIGERT/ Ane Dahl Torp & Sjur Miljeteig

17. SEPTEMBER 17:30 på Trudvang

-Opplev Ane Dahl Torp i facinerende Sci fi- monolog frå slutten av oljealderen !

 

For denne framsyninga vann Dahl Torp og Miljeteig fleire av dei prestisjetunge Heddaprisane i 2016. Dahl Torp vann for beste kvinnelege skodespelar og Miljeteig for beste audiovisuelle design. I tillegg vart Solaris korrigert kåra til årets beste framsyning. Til Trudvang kjem ein konsertversjon av dette heilt spesielle stykket.

 

Året er 2480. Jorda slik vi kjenner den er for øydelagd og usunn til å leve på. Karakteren Aig bur i ein bydel i Stavgersand, kalla Organic 14.6. Hit kjem velståande turistar som ønskjer å oppleve dei få områda som framleis består av urørt natur. Aig er i ferd med å flytte under havoverflata, ned til tørrlagde oljebrønnar. Han jobbar med teknologi, røyr, slangar og hydraulikk, medan verda omkring i aukande grad vert omsett til eit digitalt spegelbilde. Aig fortel om arbeidsoppgåver, tankar og draumar frå kvardagslivet slik det fortonar seg i 2084.

 

Solaris Korrigert er ei dramatisering av diktsamlinga til Øyvind Rimbereid med same namn. Språket er ein hybrid av stavangerdialekt, dansk og gamalnorsk. Eit språk som kanskje har blitt til gjennom fleirnasjonalt samarbeid i oljeindustrien. Diktet har utmerkt seg ved å setje det norske oljeeventyret på den poetiske dagsordenen. Gjennom dei 11 åra etter utgjevinga av Rimbereid sitt dikt, har fiksjonen så smått begynt å hente inn verkelegheita: Det norske oljeeventyret er i ferd med å ta slutt.

 

 

En gigantisk performance

Dagbladet

 

 

 

En dystopi har sjelden vært mer fascinerende enn i «Solaris korrigert», som i Ane Dahl Torps visjon blir teaterkunst slik du aldri har sett før.

Dagsavisen

 

Dette er sci fi-teater som du aldri har sett det før.

Aftenposten

 

 

 

Solaris Korrigert er skrevet av Øyvind Rimbereid, og tilrettelagt for scenen av Ane Dahl Torp. Musikk, trompet og elektronikk: Sjur Miljeteig, Regi: Peer Perez Øian, Lysdesigner og visuelt konsept: Kyrre Heldal Karlsen. Produsert av Det Norske Teatret.

Copyright @ All rights reserved