14. SEPTEMBER 16:30 Badevika

16. SEPTEMBER 09:00 Badevika

FESTIVALGYM MED SAMSPEL/ Ingvild Kjøsnes

Foto: Tove Lise Mossestad.

- Festivalgym med samspel i naturen !

 

Årets tema er "Antropocen - mennesket i naturen" , og kva er vel beitre enn å varme opp til travle festivaldagar med litt utandørs gymnastikk ? Vi inviterer til trening i naturen med Ingvild Kjøsnes frå Samspel!

 

Samspel er ei bedrift som nyttar naturen gjennom trening, sanking av plantar, friluftsliv, opplevingsturar, lavvoturar, blåtur, og mental trening. Ei treningsøkt med Ingvild tek sikte på å styrke kroppens kjernemuskulatur og dei store muskelgruppene gjennom kroppsvektstrening. Du får nøye oppfølging gjennom heile økta slik at du får maks utbytte - Bli med ut og ta deg ei herleg styrkeøkt ! Kvar økt varer ein time.

 

 

Drop in kr. 100,- pr. økt. Gratis med festivalpass !

Copyright @ All rights reserved