ONSDAG 13.09 - SØNDAG 16.09

SAIL AWAY WITH ME/ Tormod Carlsen

KAIA I DALE

gratis / drop -in

- Nokre gonger vil ein berre stikke til sjøs !

 

Det ligg eit aldri så lite historisk sus over det nyaste prosjektet til scenekunstnar Tormod Carlsen og scenograf Heidi Dalene. Iallfall for dei som vaks opp i bygdene langs kysten og hugsar tida da M/S Innvik la til kai, til glede for store og små. «Sail away with me» er noko så sjeldant no til dags som ein teaterbåt. Men det er ikkje den typen teaterbåt der ein deler opplevingane med andre. Dette er teaterbåten for dei som vil segle sin eigen sjø!

 

Her vert nemleg ein og ein publikummar invitert ombord, for å utforske ulike attraksjonar på eigahand. Ein kan kople av med karaoke, spelemaskiner og annan maritim underhaldning, eller ein kan berre stikke av frå alt ei lita stund og nyte utsikta.

 

Livet på havet kan sjåast som ei feiring av alt det livet ikkje er på land – ein stad å nyte augeblinken og kople av. Men ein har også ideen om havet som ein stad der ein kan finne seg sjølv, i møte med naturen og einsemda. Båten fortel historia om havet som symbol på fridom, men og om sakn av fellesskap i ei tid dominert av individuelle drau- marar. Det handlar om det som får oss til å lengte - lengte vekk og lengte heim.

 

«Sail away with me» er det tredje og siste einmannsteatret i serien «In the end we are all alone», ein serie som også rommar framsyninga «O-the healing lump» som gjesta Teaterfestivalen i Fjaler i 2016. I denne serien har Carlsen og Dalene laga små teateropplevingar for ein og ein publikummar, inspirert av utdødde teatertradisjonar og måter å tenkje arkitektur på. Denne gongen utforskar dei teaterhistoriske tradisjonar for å bruke båtar som underholdningsskip og omreisande teater. Båten dei har restaurert er ein gamal eikebåt som har ligge 30 år på land, men no gjort sjødyktig av Carlsen, Dalene og gode samarbeidspartnarar.

 

 

Idé og konsept Tormod Carlsen, utvikla i samarbeid med Heidi Dalene. Produsent Kristin Skiftun

Prosjektet er støtta av Norsk Kulturråd og Oslo kommune.