RIOT  DAYS: THE PUSSY RIOT STORY

FREDAG 13. 09. KL. 13.00

LØRDAG 14.09. KL. 10:00

TUNKAFEEN

GRATIS INNGONG

- hørespel, hekling og politisk aktivisme !


Pussy Riots er ei russisk, feministisk punkrockkollektiv, som har vorte kjende for fleire demonstrasjonar mot russiske myndigheiter. I 2012 vart medlemmane i bandet arrestert for å ha storma Vår Frelser-Katerdralen i Moskva, med ein tre minutter lang  protestbøn om å få Putin fjerna fra makta, før han gjekk inn i si tredje periode som president. Etter dette vart dei arrestert, og dømt til to års fengsel. 


«Riot days: the pussy riot story» er eit hørespel, basert på bandmedlem Maria Alyokhina si eiga bok om hendingane, og om misjonen til den russiske gruppa. Boka er dramatisert av den britiske dramatikaren E.  Crowe, som sidan 2018 har vore busatt i Dale i Sunnfjord. Høyrespelet i to deler er laga for BBC Radio, og hadde premeire på lufta 4. februar 2019. 


Vi er veldig glade for å ha fått rettane til å dele dette verket med publikum i Dale. Stykket foregår i to akter. Det vert servert kaffi og håndarbeid saman med lyttinga. Kanskje vil du lære å hekle din eigen balaklava ? 


En BBC Radio Drama Produksjon basert på Maria Alyokhina’s roman.  Dramatisering: E V Crowe. Regi: Emma Harding. Premiere 4. februar 2019. Medverkande i hovudroller: Katie West, Kerry Gooderson, Kathryn Drysdale. Andre medverkande: Saffron Coomber, Cameron Percival, Ronny Jhutti, Alexandra Meyrick, Roslyn Hill, Tony Turner, Clare Corbett, Carolyn Pickles, Lucy Doyle, Michael Bertenshaw, Ronny Jhutti, Jeanette Percival, Alexandra Constantinidi. Gitar: Lewis Turner. Lyd: Caleb Knightley