RINGEREN I NOTRE-DAME/Sanzén Produktioner & Akershus Teater

TORSDAG 13.09. KL. 19.30

TRUDVANG

- Spennande klassikar for born og unge !

 

Ei natt blir eit lite, deformert barn funne på steintrappa til Notre-Dame i Paris. Eit barn ingen vil ha, eller vedkjenne seg. Tjue år seinare har barnet blitt ein ung mann, med eit veksande ynskje om å gå ut i verda utanfor katedralen og møte menneska der.

 

Handlinga i Victor Hugo sin klassiske roman «Ringeren i Notre-Dame» frå 1831 går føre seg i og omkring den veldige katedralen Notre-Dame i Paris på 1400-talet. Historia om den pukkelrygga Quasimodo inneheld både komikk og tragedie, skrekk og romantikk. I botn ligg ei sterk forteljing om utanforskap som alle kan kjenne seg igjen i.

 

Skodespelaren Anders Sanzén spelar på imponerande vis alle dei 25 forskjellige rollene, og har saman med musikar Bo Platzack hausta glitrande kritikkar for framsyninga.

 

"Anders Sanzén skapte en nydelig og troverdig forestilling som den vanskapte Ringeren i Notre-Dame i samspill med Bo Platzack.» Østlandets Blad

 

Basert på ein roman av Victor Hugo. Konsept og dramatisering: Anders Sanzén og Bo Platzack, Kostyme: Anne Esbjug, Teknikk: Magne Gjeraker, Produsent: Sandra Sandbye. Produsert av Akershus Teater og Sanzén produktioner.

 

Framysninga er ein del av "Teaterdag for born", som vi presenterer i samarbeid med Den Kulturelle Skulesekken i fylket.