RADIO FJELLOM / Tormod Carlsen

13. SEPTEMBER 19:30 Dale Fergekai

14. SEPTEMBER 19:30 Dale Fergekai

15. SEPTEMBER 19:30 Dale Fergekai

16. SEPTEMBER 19:30 Dale Fergekai

- Unikt landskapsteater på fergekaia !

 

Radio Fjellom er ein mobil titteklubb og lokalradiostasjon. Ved solnedgang ynskjer vi publikum velkomne inn i teltet på kaia – her får dei tildelt kvar sin radio med høyretelefonar, tøflar og tilbud om popkorn, te og kaffe frå baren. Under framsyninga skal publikum lytte til den direktesendte radiosendinga og betrakte landskapet foran seg mens radio-besetninga skaper visuelle iscenesettelser.

 

I Radio Fjellom utspillar det seg ein framsyning i tre delar. Den tek utgangspunkt i landskapsrefleksjonen; det å sitte å sjå på eit landskap og la tankar og draumar fare fritt. Denne erfaringa opner opp for å både ta imot og sende eigne ideer tilbake – og som i ein loop kan man komme i ein tilstand av refleksjon og forundring. Radio Fjellom er ein hyllest til staden- eit scenisk dikt som hyller utsikta og refleksjonen over landskapet.

 

Publikum bes komme seinast 15. minutt før framsyninga startar. Innslipp frå kl. 19.00.

 

Sidan regissør Tormod Carlsen var elev ved UWC i Fjaler i 2002, har han både trent til sirkusartist i Moskva, og studert regi både i Teheran og Oslo. Han har mellom anna arbeida på nasjonalteatret på Grønland, og laga landskapsteater i Finnmark, eit prosjekt som er nominert til årets kritikarpris. Arbeidene hans er ofte prega av ein søken etter nye utsikter. «Radio Fjellom» er utvikla i Fjaler av Carlsen og hans tverrfaglege team av kunstnarar. Den mobile titteklubben skal seinere turnerast til Black Box Teater Oslo og BIT i Bergen, i lokaltilpassa versjoner. 

 

Konsept og forestilling er utvikla av Tormod Carlsen med Heidi Dalene, Björn Honsson og Kristin Jonsson, Eli Vaage, Petter Width Kristiansen og Alf Thomas Ollett. Produsent: Kristin Skiftun. Assistent: Helena Wik. Co-produksjon: Teaterfestivalen i Fjaler, BIT Teatergarasjen, Black Box Teater (Carlsen er assosiert artist på BBT 2017/2018) Støtta av Norsk Kulturråd, FFUK, Fond for Lyd og Bilde.

Copyright @ All rights reserved