FJORDSAMTALAR PÅ KAIA


Fergekaia, lørdag 12/9, kl. 10.30- 12.30






Tradisjonen tro inviterer Teaterfestivalen relevante fagfolk til eit djupdykk I årets tema. Denne gongen dreier det seg sjølvsagt om det marine, og vi har invitert nokre spennande innleiarar. Overskrift for årets  diskusjonen er: Framtidig forvaltning og eigarskap til marine ressursar. Det vert rom for samtalar mellom innleiarane og publikum under leiing av Geir Grytøyra, og innimellom vert det tid til kaffi og drøs.


Innleiarane i år er :


Henning Røed – Marinbiolog, tidl. oppdrettskonsulent i Miljøverndepartementet, Statens Forurensingstilsyn og WWF, forfattar av "Fiskehistorier - hvem skal eie havet?"


Gustav Erik Blålid -Redaktør i norsk fiskeoppdrett.


Anne-Line Thingnes Førsund - Talsperson i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe, og medlem i naturvernforbundet sitt nasjonale gruveutval.

 

Doroty Dankel – Har doktorgrad i fiskeribiologi og forvaltning.

Er forskar ved Senter for Vitenskapsteori, Universitetet I Bergen.

 

Gunnar Grytås -  Forfattar og frilansjournalist. Har skrive ei rekkje bøker om fiskeripolitikk og kystkultur, mellom anna boka “Kvotebaronar» som kom i fjor.