Spelast i Kommunestyresalen fredag 11/9 kl. 09.30, 10.30 og 13.00. Kun 30 plasser pr. framsyning.

KORALL, KORAL – ein babyopera Av hanne Dieserud, Christina Lindgren og Maja Ratkje

-Verdas fyrste babyopera- frå havbotnen !

 

Korall, koral- ein babyopera er laga spesielt for born i alderen 0-3 år. Musikk og song lokkar borna inn i eit skjelforma telt, fylt av instrument som liknar vesen frå havet. Havhestharpe, sekkepipesekkedyr, glasschimesmanet og dobbeltdyrfløyte. Kanskje er vi på ein stad under havoverflata i Nordishavet? Her lev vesen vi ikkje veit mykje om. I denne operaen har born og vaksne like føresetnader. Her er det ikkje noko som vert fortalt, forklart eller skal forståast – berre opplevast! Etter framsyninga kan borna utforske rommet og instrumenta på eiga hand.

 

” Fascinasjonen for det heile var og tydeleg blant publikummet. Store augo, latter og tillaup til gråt, og ikkje minst direkte tilrop frå ein liten teatergjengar kom fram undervegs: – Ja!, ropa han plutseleg og klappa i hendene, når «sjøanemonearien» trilla over havbotnen”

(Elin Høyland, Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift)

 

 

Korall koral - ein babyopera hadde premiere i 2009 i samarbeid mellom utøvarane Hanne Dieserud og Christina Lindgren, og komponist Maja Ratkje. Framsyninga har no spelt over 350 framsyningar for meir enn 12.000 personar i Norge og Europa.

 

Idé og regi: Hanne Dieserud og Christina Lindgren

Musikalsk komposisjon: Maja Solveig Kjelstrup Ratkje

Scenografi og kostyme: Christina Lindgren

Utøvarar: Elisabeth Holmertz, Hanna Gjermundrød

 

Produsert av Dieserud/ Lindgren i samarbeid med Den Norske Opera & Ballett og Riksteatret. Støtta av Norsk Kulturråd, NOTAM, Fond for utøvende kunstnere, Fond for lyd og bilde og Norsk Utanriksdepartement.