POLITISK PUB

FREDAG 13. 09. KL. 20.00-01.00

(programmet startar 21.00)

SAMVIRKE SCENE


GRATIS INNGONG

h

- Pubkveld med politiske skråblikk og musikalsk tonefølje!


Valget er over.


Sogn og fjordane går inn i sin siste haust.


Det er klimaopprør blant unge, bompenge- og vindkraftmotstand blant eldre.


Politisk polarisering aukar og tilliten svinn, melder kommunenes sentralforbund.


Korleis heng dette saman?


Denne kvelden står avmakt og motmakt på plakaten.


Vi vonar det vert ein kjekk kveld.


På vår politiske pub får du dei beste analysane frodig formulert med eit knippe av våre beste kåssørar og tankesmeder. Vi har henta fram godstolen til Herbjørn Sørebø og i den sit:


- Bjørn Egil Flø, doktor i bygdesosiologi, forskar ved NIBIO, kåssør og foredragshaldar


-Trygve Svensson, leiar i Tankesmia Agenda


-Jens Kihl, journalist, forfattar, målmann og politisk kommentator i BT


-Samtalar med lokale, regionale og nasjonale politkarar. -Fritjov Urdal er kveldens vert og ordstyrar


-Musikalsk tonefølje frå dei tidlegare Tramteatermedlemmane; Kine Hellebust, Anders Rogg, Terje Nordby og Liv Åkvik


-Taffelmusikk ut i dei små timar med Kåre Sandvik



Om det er avmakt - eller motmaktkjensla som blir sterkast utover kvelden, gjenstår å sjå, baren held ope til kl. 01.00. Gratis inngong.