OM SPLINTEN PÅ VESTLANDET

FREDAG 14.09. KL. 11.00

FJALER SJUKEHEIM

ope for alle - gratis inngong !

- Forteljarkafé med Norvald og Rolf!

 

Fant, omstreifar, tater. Det skandinaviske romanifolket har blitt kalla mange namn. Her vart dei ofte kalla Splinten. Heilt fram til 70-talet var dei reisande eit vanleg syn på Vestlandet. Mange av dei reiste med båt, og gjekk på gardane og selde handarbeid, utførte handverk, og levde frå hand til munn.

 

Vi har invitert to historieforteljarar av rang til å dele anekdotar frå tida då Splinten kom på gardane på vestlandet. Dramatikar Norvald Tveit, no nitti år gamal dramatikar frå Hyllestad, skreiv seg inn i teaterhistoria med stykket «Splint!», som hadde urpremiere på Oslo Nye Teater i 1977. Rolf Losnegård, dramatikar frå Holmedal, står mellom anna ansvarleg for dei største spelsuksessane her i fylket. Saman vil dei stå for ein heilt spesiell historietime.