LAURDAG 15. 09. KL. 12.00

MARTE WEXELSEN GOKSØYR

KLOKKARGARDEN

- Årets foredragshaldar er Marte !

 

Marte Wekselsen Goksøyr er ein erfaren skodespelar, forfattar og foredragshaldar med Downs Syndrom. Som samfunnsdebattant talar ho sterkt om menneskeverd og inkludering. Ho er ei særs viktig stemme i debatten om sorteringssamfunnet, og representerer ei gruppe av befolkninga som er stadig minkande.

 

Hennar merittliste er imponerande. Ho har spela fleire store roller i norsk teater, mellom anna på Riksteatret, Nationaltheatret, og Dramatikkens Hus. Ho har også gjort suksess med eigne framsyningar, som «Hva faen er problemet ?». Der spela ho også sjølv, i lag med Sven Nordin. Ho har skrive bøkene «Jeg vil leve» og «Samme hvem vi er», begge gjevne ut på Oktober forlag. Goksøyr har òg vunne ei rekke prisar; Bjørnsonprisen (2011), Livsvern-prisen (2012), Jonasprisen (2016) og Harry Hole-prisen som «Årets ålreite dame» (2017), for å nemne nokre.

 

Vi er rett og slett utruleg glade for at Marte Wekselsen Goksøyr kjem til teaterfestivalen for å halde foredrag på årets familiedag, vise film og bidra med kunstnarlege innslag.