14. SEPTEMBER 18:00 Tunkafeen i Dale

15. SEPTEMBER 10:00 - 13:00 Tunkafeen i Dale

16. SEPTEMBER, 15:00 Tunkafeen i Dale

INNSIDEN UT/ Skriverom

– Eit skrive- og samtalerom.

 

Prosjektet Innsiden ut inviterer scenekunstnarar, publikum, frivillege, sceneteknikarar, produsentar og andre medverkande til å diskutere og skrive med utgangspunkt i framsynigane under teaterfestivalen. Torsdag vert det oppvarmingssamtalar, fredag inviterar vi til workshop. Ein treng inga forkunnskap om skriving. Du kan skrive så kort eller langt du vil. Teksten kan delast i skriverommet eller på prosjektet sin eigen blogg: https://innsidenut.wordpress.com

Torsdag 14. september frå 18.00  Samtale og korte skriveøvingar. Drop- in, inga påmelding.





Fredag 15. september kl. 10:00-13:00 Workshop .  
Vi utforsker korleis ein kan snakke og skrive om scenekunst og utøvande uttrykk frå ulike perspektiv, og kva ulike samtalerom desse skapar. Påmelding til venkes@gmail.com innan 14. september kl. 21:00



 

Lørdag 16. september kl. 15:00 Møtepunkt for tilbakemelding på tekstar.

 

Andre tidspunkt kan avtalast med prosjketleiarane !

 

Venke Sortland er skapande og utøvande dansekunstnar og skribent.
 Hild Borchgrevink er musikkskribent med bakgrunn i skapande skriving frå bl.a. Skrivekunstakademiet i Bergen. Venke og Hild har tidlegare vore samtaleleiarar i dansediskursprosjektet Seminarium.no .Innsiden ut er støtta av Norsk Kulturråd.

Copyright @ All rights reserved