HYSJ/ FRIE RADIKALE

FREDAG 13.09. KL.17.30

SAMVIRKET BARSCENE

-Verkstadsvisning med teaterhistorisk sus ! 


Ein kan ikkje snakke om politisk teater i Noreg utan å nemne Tramteatret.  Difor er det ekstra stas at dei fire tidligere Tramteatermedlemmene Kine Hellebust, Liv Aakvik, Terje Nordby og Anders Rogg kjem til Fjaler for å ha verkstad for å utvikle sitt nye prosjekt, med ei avsluttande arbeidsvisning ! Under navnet  «Frie Radikale» arbeidar  dei med å skape eit politisk teaterbidrag i 2019, 30 år etter at Tramteatret vart oppløst.


Dei Frie Radikale har spurt seg; Kva har skjedd med det sosialdemokratiske Noreg dei siste 40 åra? Korleis skjedde det? Og når ?  I forsøket på å finne svar, har man tydd til den tyske nasjonalforfatteren Goethe. Og Faust. For anledninga kalla Traust. No heng ikkje Goethe med så lenge, men forfattaren (Terje Nordby) frydar seg over å skrive blankvers! For øvrig har dei ikkje funne nokon svar på spørsmåla «kva, når og korleis» - derimot utrolig mange fleire spørsmål, stilt i ein atmosfære av musikk og humor - slik Tramteatret i si tid hadde for vane.  Verkstaden avsluttast med visning - og her snakker vi «work in (forhåpentligvis) progress»!  



Frie Radikale består av: Kine Hellebust, Liv Aakvik, Terje Nordby og Anders Rogg. Instruktør og veileder på verkstaden er Lennart Lindstrøm. Verkstaden er støtta av Dramatikkens Hus.