14. SEPTEMBER 19:30 på Ljosheim

15. SEPTEMBER 16:30 på Ljosheim

16. SEPTEMBER 16:00 på Ljosheim

17. SEPTEMBER 11:00 på Ljosheim

HIGHWAY HYPNOSIS episode #1 / Transiteatret

- Hypnotisk framsyning frå prisvinnande regissør !

 

Gjennom veggane på eit hotellrom høyrer ein låge stemmer, plutselege dunk, skrik, stilt, meir stilt, latter. Elskar dei kvarandre der inne? Eller slår dei? Gjennom veggane på eit anna hotellrom høyrest lyden av ein pianist som øver. Om og om igjen. Puccini sin ufullenda opera, Turandot. Den som ikkje har nokon slutt, fordi komponisten døydde. Kvifor spelar han akkurat den i kveld? Kva øver han til? Og kor lenge skal han plage naboen sin med dette? Dei som har budd litt på hotell, og særleg på dei mindre luksuriøse, veit kva som kan ligge mellom romma: gråten frå eitt rom møter stønna frå eit anna. Einsemda som bekreftast gjensidig av intenst nærvær.

 

I 1921, same år som Puccini starta arbeidet med sin ufullenda opera, heldt ein ung sveitsar, psykoanalytikaren Hermann Rorschach, opp ti små bilete for sine pasientar. Ti kort, i nøyaktig rekkefølge og utført etter klare prosedyrar. Dei var laga av blekk, bretta og falda ut igjen, slik at underlege mønster oppstod. Ein obskur test som opp gjennom åra har blitt elska og hata. Men har den noko med teater å gjere? Og kva med Highway Hypnosis-syndromet, først skildra i 1921, kor den køyrande - med auga fiksert på eitt punkt - kjem inn i ein transeliknande tilstand av vaken søvn ?

 

Svara ligg kanskje der, mellom menneska, mellom romma.

 

 

«HIGHWAY HYPNOSIS» - ELLER «SLEEPING WITH YOUR EYES WIDE OPEN»

“A mental state in which a person can drive a truck or automobile great distances, responding to external events in the expected manner with no recollection of having consciously done so (…)”

 

Transiteatret-Bergen arbeider i skjæringspunktet mellom teater, film og musikk. Kompaniet har bak seg ein rekke kritikarroste produksjonar og har gjesta ei rekke land. Kunstnarleg leier for Transiteatret-Bergen er regissør og dramatiker Tore Vagn Lid. Som regissør er han kjend for å skape framsyningar med klart politisk innhold. Lid har mottatt ein rekke priser og utmerkelser for sitt arbeid, bl.a. Heddaprisen, Nordisk Hørespillpris, Kritikerprisen m.fl. I 2017 fekk han Ibsen-prisen for ”Vår Ære/Vår Makt” (DNS, 2016). Lid er ved sida av sitt kunstnarlege virke professor ved Kunsthøgskolen i Oslo.

 

Highway Hypnosis er eit konsept som utviklast i eit samarbeid mellom Transiteatret-Bergen og Prosjektprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid (PUK). Highway Hypnosis endrar seg over tid, med nye versjonar på ulike arenaer. Versjon #1 hadde preiere ved Festspillene i Nord-Norge våren 2017, og versjon #2 har premiere under Teaterfestivalen i Fjaler.

 

 

Audio-visuelt konsept, tekst og regi: Tore Vagn Lid, Lys- og videoinstallasjoner:Birk Nygaard, Scenograf: Mari Lothrington, Film/Videoarbeider: Kyrre Bjørkaas, Thore Lindhard Garberg m.fl, Kostymer: Matilda Søderling, Lydteknikk: Mathias Grønsdal, (Jan Nedbal), Medvirkende: Torleif Julius Torgersen, Tor Christian F. Bleikli, Kjersti Aas Stenby, Matilda Søderling, Tore Vagn Lid m.fl

Støtta av: Norsk Kulturråd, Bergen Kommune, Hordaland Fylkeskommune, Prosjektprogram for kunstnerisk utviklingsarbeid(PUK).

Copyright @ All rights reserved