HEILE FESTIVALEN

HENDINGAR II / KHIO

DALE SENTRUM

- Masterstudentane frå KHIO er tilbak e!

 

Masterstudentane i Teater frå KHiO inntok bygda under teaterfestivalen i fjor, og laga minnerike hendingar og kunstopplevingar over heile Dale; performance med blåleire på kaia, konsert ved Storelva, apokalyptisk nachspiel i vaskehallen, og ungdomsframsyning på den nedlagde bensinstasjonen, mellom anna.

 

I år kjem fleire av dei igjen, og vil arbeide vidare med bygda og festivaltema som utgangspunkt. Dei vil skape nye hendingar i bygda gjennom heile veka. Hendingar kan oppstå når du minst ventar det. Dei held til i Våningshuset i Jakob Sande-tunet, og serverer gjerne ei kopp kaffi om du vil komme forbi og sjå korleis hendingane utviklar seg. Eige program for hendingane kjem fortløpande i løpet av veka og vert annonsert på festivalkontoret.

 

Med: Helle Bendixen, Fredrik Høstaker, Rudolf Terland Bjørnerem, Kjersti Alm Eriksen. I samarbeid med Kunsthøgskolen i Oslo.