GJENSTAND FOR/ ERIKSEN/ BENDIXEN/HØSTAKER

SØNDAG 15.09. KL. 20.00

BADEVIKA

- Festivalavslutning i parallellverda til Badevika ! 

 

I Badevika har det opna seg ei dør til ei parallell verd. I vassoverflata duppar nyinnflytta artar. Alm Eriksen/Bendixen/Høstaker har grodd svømmehud slik ekte fjordfolk har. Dei er godt i gang med å kartlegge artsmangfaldet i Dalsfjorden, og funna kan synast både som utstilling i verkstaden deira og som framsyning på stranda.


Alm Eriksen/Bendixen/Høstaker fann saman på masterstudiet i teater på Kunsthøgskulen i Oslo. I fjor var dei å sjå med verket «A thing like you and me» i naust 3 på Øyra, eit verk som vekte både undring, humor og begeistring. Gruppa jobbar med å skape eigne univers ut frå sitt trehoda disiplintroll: teater, biletkunst og arkitektur.


Medverkande: Fredrik Høstaker, Kjersti Alm Eriksen, Helle Bendixen. Musikk: Mats Høstaker