FRONTLOSJEN/ Ingrid Saltvik Faanes & Ragnhild Gjefsen

- Losjecast med Frontlosjen !

 

Bli betre kjend med årets festivalfjes gjennom Frontlosjen sin festivalpodcast! Kvar dag blir det mogleg å oppleve teatersupportarane frå Frontlosjen i prat med ulike aktørar som har tatt vegen til Dale for å fylle bygda med teater. I kjend losjestil blir kvar samtale ei lett blanding av trivielle og seriøse tema. I tillegg til at det er mogleg å oppleve podcastsendingane live, blir alle samtaler gjort tilgjengelige på frontlosjen.com.

 

 

13.09. kl. 15.30, Bestefarstaua, Jakob Sande- Tunet

 

14.09. kl. 15.30, Bestefarstaua, Jakob Sande- Tunet

 

15.09. kl. 14.00, Tunkafeen, Dale sentrum

 

16.09. kl. 11.00, Tunkafeen, Dale sentrum

 

17.09. kl. 14.00, Bestefarstaua, Jakob Sande- tunet

 

 

Frontlosjen.com er ein supportarblogg for scenekunst og har ein lang tradisjon som faste festivalbloggarar på Teaterfestivalen i Fjaler. Ingrid Saltvik Faanes er trønder, produsent og salsmedarbeidar ved DNS. Ragnhild Gjefsen er gudbrandsdøl og stipendiat i Teatervitskap ved UiB. Båe to er teatervitarar busett i Bergen.

 

 

Copyright @ All rights reserved